The Otium Post

The Otium Post

15/02/2015

TISA - ein trussel for få er klar over - 2014






Odd Tarberg
Innlegg: 45
Kommentarer: 117
Publisert 6 oktober 2014


TISA - ein trussel for få er klar over


Det er halvtanna år sidan eg først las om TISA, ein investorvernavtale for tenester, som Norge er med i forhandlingar om. Sidan det har eg funne mykje urovekkande om avtalen, og prøvd å alarmere så mange som råd om den trusselen den representerer.
Dessverre har eg framleis inntrykk av at berre eit par prosent i det politiske miljøet er klar over kva som eigentleg foregår. Dette trass i at det etter kvart blir jobba for å spreie informasjon om dette frå for eksempel Fagforbundet, og frå organisasjonar som Handelskampanjen og Attac Norge.



Til liks med andre frihandelsavtaler som TTIP, mellom EU og USA, legg også TISA-avtalen opp til svært så udemokratiske klausular - konsekvent konstruerte for å sikre globale storinvestorar sine interesser. Og dette på kynisk bekostning av demokratiske prinsipp, miljøvern, arbeidstakarrettar.


Du trur det kanskje ikkje? Då skal du ta deg tid til å lese kva eksempelvis Den Dominikanske Republikk er utsett for, takka vere klausular i ein liknande avtale og eit tvisteløysingsopplegg som også TISA skal ha ein variant av.
Corona, eit Florida-basert bygningsmaterialkonsern har varsla søksmål mot det landet på 100 million $ fordi konsernet ikkje får konsesjon for gruvedrift fordi prosjektet kan skade vassdrag i området. Den Dominikanske Republikk blir samtidig trua med søksmål frå eit par andre investorar, fordi dei ikkje får utvide eit luksus hotellanlegg inn i ein nasjonalpark i området. (Denne informasjonen er å lese på denne sida: 

http://www.huffingtonpost.com/courtenay-lewis/new-cases-show-risks-of-c_b_5901024.html )


Ei lita kommune i Canada blir også saksøkt gjennom slike utanomrettslege tribunal, for å ville nekte oljesandutvinning i sitt nærområde, fordi det truar vassforsyninga til innbyggarane... At Egypt blir saksøkt fordi landet har vedteke å heve minsteløna i landet, er eit anna “strålande” eksempel på kva slag ideologi det er som ligg til grunn for desse investorvernavtalane.


Signala frå norske styresmakter når det gjeld TISA-forhandlingane er overflatiske og urovekkande. Dei tyder på at det “der i gården” berre blir fokusert på dei fordelane som norske reiarlag, og nokre få andre norske gigantar som Telenor og Statoil, vil få lettare tilgong til marknader i utlandet. Ikkje eit ord blir nemnt om at det politiske handlings romet blir sterkt redusert, og at fleirtalet av norske arbeidstakarar vil få ein utryggare kvardag, med ivrige utanlandske investorar på jakt etter god profitt i det norske tenestemarkedet. Den forsmaken vi har på dette området gjennom EØS-avtalen, særleg i bransjar som transport og bygningssektoren, blir småtterier dersom ein TISA-avtale blir signert...


Det er uforståeleg at ikkje fleire i det politiske miljøet no snart reagerer. Så vidt eg har registrert er det berre SV, Partiet Rødt og så vidt eg forstår også SP, som klart går mot norsk signering av denne TISA-avtalen.


Eg nektar å tru at det demokratiske grunnfjellet i dette landet ikkje ville sagt nei til TISA dersom folk var balansert og skikkeleg informerte...


Kritisk informasjon om avtalen er å finne på :

http://www.handelskampanjen.no/ 

http://www.attac.no/stopp-tisa/

http://nyemeninger.no/oddtarberg/


---------------------------------------------------------


Kommentarer :

Underlig at så få har reagert på farene i denne frihandelsavtalen som har en bindende underavtale som ikke kan reverseres,som vil totalt ødelegge Norge som ledende land for demokrati,arbeidsavtaler og velferdssystem.

Kun det faktum at 85% av ledelsen i TISA består av amerikanske eiere av enorme, verdensomspennende korporasjoner, har juridisk bakgrunn,skulle være tilstrekkelig til å se det røde varselsflagget. Alle lover og bestemmelser i landene de inngår avtaler med overkjøres totalt av TISA´s egne lover. Brytes de, slik at det får uheldige følger for deres eksporterte interesser,kan TISA saksøke landet for millioner uten anledning til høring i deres eget rettssystem.  ECHR lover,overkjøres også.

Tilslutting av en slik avtale er å dolke seg selv i brystet.  TISA er en ulv i fåreklær !!!


Les de mange innlegg om TISA i The Otium Post siden juni 2014 :

http://sinbad990.blogspot.com.br/2015/02/noe-skjer-bak-ryggen-din-ttip-avtalen.html

http://sinbad990.blogspot.com.br/2015/02/ttip-allowing-corporations-to-sue.html

http://sinbad990.blogspot.com.br/2015/02/stop-ttip-ceta-to-protect-democracy-and.html

http://sinbad990.blogspot.com.br/2015/01/stortinget-og-lobbyistene.html

http://sinbad990.blogspot.com.br/2014/06/tisa-avtalen-er-farlighemmelig-og.html

http://sinbad990.blogspot.com.br/2014/06/menneskerettighetenes-heksegryte.html


Det store problemet med Norge er at  regjeringen har allerede hatt mange møter med EØS vedr. tilslutning av TISA. Regjeringsmedlemmene forstår ikke omfanget av avtalen og er dertil under press fra både EU,EØS samt en mengde andre lobbyister og andre pådrivere som har interesse i saken,så jeg er redd de ikke kommer til å tåle presset og blir tvunget til å signere avtalen.


---------------------------------------------------------


 Just a one page Google on the subject.






              

Administrator
THE OTIUM POST






No comments:

Post a Comment

Enter your comments here: